20 Men Kehat-sønene må ikkje gå inn, ikkje så mykje som ein augneblink, og sjå dei heilage tinga. For då skal dei døy.
21 Herren sa til Moses:
22 Gersjon-sønene skal du òg ta talet på, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein.
23 Alle menn som er mellom tretti og femti år, skal du mønstra. Dei skal gå inn i tenesta og arbeida med møteteltet.
24 Dette er det arbeidet Gersjon-ættene skal gjera, og det dei skal bera:
25 Dei skal bera teltdukane som høyrer heilagdomen til, teppet av delfinskinn som ligg over møteteltet, teppet til teltdøra,
26 omhenget rundt føregarden som er kring heilagdomen og altaret, teppet i porten til føregarden og snorene og alle reiskapane som dei treng til arbeidet. Alt som er å gjera med dette, skal dei ta seg av.