25 Dei skal bera teltdukane som høyrer heilagdomen til, teppet av delfinskinn som ligg over møteteltet, teppet til teltdøra,
26 omhenget rundt føregarden som er kring heilagdomen og altaret, teppet i porten til føregarden og snorene og alle reiskapane som dei treng til arbeidet. Alt som er å gjera med dette, skal dei ta seg av.
27 Det arbeidet Gersjon-sønene gjer, alt det dei ber og gjer, skal gjerast etter påbod frå Aron og sønene hans. De må sjå til at dei tek vare på alt det dei skal bera.
28 Dette er det arbeidet Gersjon-ættene har å gjera med møteteltet. Og Itamar, son til Aron, presten, skal ha tilsyn med tenesta deira.
29 Så skal du mønstra Merari-sønene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein.
30 Alle menn som er mellom tretti og femti år, skal du mønstra. Dei skal gå inn i tenesta og arbeida med møteteltet.
31 Og dette er det dei skal syta for å bera når dei arbeider med møteteltet: plankane i heilagdomen, tverrstengene, stolpane og fotstykka,