36 Talet på dei som vart mønstra, ætt for ætt, var 2 750.
37 Så mange av Kehat-ættene vart mønstra til arbeid med møteteltet. Det var Moses og Aron som mønstra dei etter Herrens ord gjennom Moses.
38 Så vart Gersjon-sønene mønstra, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein.
39 Alle menn som var mellom tretti og femti år, gjekk inn i tenesta og arbeidde med møteteltet.
40 Talet på dei som vart mønstra, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein, var 2 630.
41 Så mange av Gersjon-ættene vart mønstra til arbeid med møteteltet. Det var Moses og Aron som mønstra dei etter Herrens ord.
42 Så vart Merari-sønene og ættene deira mønstra, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein.