30 Fjerde dagen kom hovdingen over Rubens-sønene, Elisur, son til Sjede’ur.
31 Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer,
32 ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse,
33 ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer,
34 ein bukk til syndoffer,
35 og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Elisur, son til Sjede’ur.
36 Femte dagen kom hovdingen over Simeons-sønene, Sjelumiel, son til Surisjaddai.