81 ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer,
82 ein bukk til syndoffer,
83 og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Akira, son til Enan.
84 Dette var gåvene frå Israels-hovdingane då altaret vart salva og vigsla: tolv sølvfat, tolv sølvskåler og tolv gullskåler.
85 Kvart sølvfat vog 130 sekel og kvar sølvskål 70 sekel. Alt sølvet i kara vog til saman 2 400 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen.
86 Dei tolv gullskålene, som var fulle av røykjelse, vog 10 sekel kvar etter den vekt dei nyttar i heilagdomen. Til saman vog gullet i skålene 120 sekel.
87 Til brennoffer gav dei i alt tolv oksar, tolv verar og tolv årsgamle lam med dei grødeoffer som tilhøyrde, og tolv bukkar til syndoffer.