1 Det som her skal forteljast, hende i dagane åt Xerxes, den Xerxes som rådde over 127 provinsar, frå India til Nubia.
2 I den tid då Xerxes sat på kongsstolen sin i Susa-borga,
3 i det tredje styringsåret sitt, heldt han eit gjestebod for alle stormennene og embetsmennene sine. Hærførarane i Persia og Media, adelsmennene og styresmennene i provinsane var samla hjå han.
4 Og i lang tid, 180 dagar i alt, lét han dei få sjå sin kongelege herlegdom og rikdom med all den drust og dramb som fylgde hans høge stilling.
5 Då dei dagane var lidne, heldt kongen gjestebod i sju dagar for alt folket som fanst i Susa-borga, både store og små. Det vart halde på den opne plassen i slottshagen.