16 Då tok Memukan til ords framfor kongen og stormennene og sa: Dronning Vasjti har ikkje berre forbrote seg mot kongen, men mot alle fyrstar og folk i alle dei provinsane som ligg under kong Xerxes.
17 For åtferda til dronninga vil verta kjend mellom alle kvinner, og dei kjem til å sjå med vanvørdnad på mennene sine og seia: «Kong Xerxes sende bod etter dronning Vasjti, men ho kom ikkje.»
18 Ja, alt i dag vil stormannsfruene i Persia og Media tala såleis til alle stormennene åt kongen, når dei får høyra korleis dronninga har bore seg åt. Og det kjem ikkje til å skorta på vanvørdnad og vreide.
19 Om kongen så synest, så lat det gå ut eit kongebod, og lat det skrivast opp mellom lovene åt persarane og medarane, så det står urikkande fast. Sei at Vasjti aldri meir må syna seg for kong Xerxes, og at kongen vil gje hennar dronningrang til ei anna kvinne, som er betre enn ho.
20 Når så det påbodet kongen sender ut, vert kjent i heile riket, så stort og vidt som det er, vil alle koner syna mennene sine ære, både høge og låge.
21 Det framlegget tykte kongen og stormennene vel om, og kongen gjorde som Memukan hadde sagt.
22 Han sende brev til alle provinsane sine, til kvar provins i den skrifta dei bruka der, og til kvart folk på det tungemålet dei tala, at kvar mann skulle vera herre i huset sitt og tala målet åt folket sitt.