7 Det dei drakk, vart skjenkt i gullstaup, og ikkje to staup var like. Og der var nøgda av kongeleg vin, som det sømer seg hjå ein konge.
8 Men det var fast lov at ingen skulle nøydast til å drikka. Kongen hadde bode alle dei øvste tenarane sine at dei skulle la kvar få så mykje han sjølv ville ha.
9 Samstundes heldt dronning Vasjti gjestebod for kvinnene i slottet til kong Xerxes.
10 Den sjuande dagen, då kongen hadde vorte fjåg av vinen, kalla han til seg dei sju hoffmennene som gjorde teneste hjå han, Mehuman, Bista, Harbona, Bigta, Abagta, Setar og Karkas.
11 Og han baud dei henta dronning Vasjti og leia henne fram for kongen med den kongelege krona på hovudet, så folket og stormennene kunne sjå venleiken hennar; for ho var svært fager.
12 Men dronning Vasjti ville ikkje koma. Ho trassa det bodet kongen hadde sendt med hoffmennene.Då vart kongen brennande harm; vreiden loga opp i han.
13 Og han vende seg til vismennene, dei som skjøna seg på tidene; for såleis vart kongens saker lagde fram for dei som skjøna seg på lov og rett.