2 Der fann dei skrive korleis Mordekai hadde meldt frå om Bigtana og Teresj, to av dei hoffmennene som var dørvaktarar i kongsgarden, og som hadde leita etter eit høve til å drepa kong Xerxes.
3 Då spurde kongen: «Kva ære og vørdnad har Mordekai fått for det?» Tenarane som var hjå han, svara: «Han har ikkje fått nokon ting.»
4 Så sa kongen: «Kven er det som står ute i garden?» Haman var nett då komen inn i den ytste slottsgarden og ville be kongen at Mordekai måtte verta hengd i den galgen han hadde reist for han.
5 Tenarane til kongen svara: «Det er Haman som står ute i garden.» «Lat han koma inn!» sa kongen.
6 Då Haman kom inn, spurde kongen han: «Kva skal ein gjera med den mannen som kongen har hug til å æra?» Haman tenkte med seg: «Kven skulle kongen heller vilja visa ære enn meg?»
7 Og han sa til kongen: «Er det ein mann som kongen har hug til å æra,
8 så lat dei henta ein kongeleg klednad som kongen sjølv har bore, og ein hest som kongen sjølv har ride på, og som har ein kongeleg prydnad på hovudet.