4 Så sa kongen: «Kven er det som står ute i garden?» Haman var nett då komen inn i den ytste slottsgarden og ville be kongen at Mordekai måtte verta hengd i den galgen han hadde reist for han.
5 Tenarane til kongen svara: «Det er Haman som står ute i garden.» «Lat han koma inn!» sa kongen.
6 Då Haman kom inn, spurde kongen han: «Kva skal ein gjera med den mannen som kongen har hug til å æra?» Haman tenkte med seg: «Kven skulle kongen heller vilja visa ære enn meg?»
7 Og han sa til kongen: «Er det ein mann som kongen har hug til å æra,
8 så lat dei henta ein kongeleg klednad som kongen sjølv har bore, og ein hest som kongen sjølv har ride på, og som har ein kongeleg prydnad på hovudet.
9 Ein av dei fremste adelsmennene til kongen skal ta imot klednaden og hesten, og han skal ha klednaden på den mannen som kongen har hug til å æra. Så skal han la han ri på hesten over bytorget og ropa framfor han: Såleis gjer ein med den mannen som kongen har hug til å æra!»
10 Då sa kongen til Haman: «Skunda deg, ta klednaden og hesten, som du har sagt, og gjer så med jøden Mordekai som sit i slottsporten! Gløym ikkje noko av alt det du har sagt!»