1 Så kom den trettande dagen i den tolvte månaden – det er adar månad – den dagen då ordet og bodet åt kongen skulle setjast i verk. Fiendane åt jødane hadde vona at dei skulle få makt over dei; men no hadde det snutt seg, så det var jødane som fekk makt over fiendane.
2 Jødane samla seg i byane sine i alle dei provinsane kong Xerxes rådde over, og ville leggja hand på alle som ville dei vondt. Det var ingen som kunne stå seg mot dei; for alle folka var gripne av redsle for jødane.
3 Alle styresmennene i provinsane, satrapane, statthaldarane og embetsmennene åt kongen hjelpte jødane, for dei var redde Mordekai.
4 For han hadde no mykje å seia i kongsgarden. Og i alle provinsane gjekk det gjetord om at Mordekai fekk meir og meir makt.