16 Dei andre jødane i dei provinsane kongen rådde over, slo seg òg saman og ville verja livet sitt og få fred for uvenene sine. Dei drap syttifem tusen av fiendane sine, men rørte ikkje eigedomane deira.
17 Det var den trettande dagen i adar månad at dette hende. Den fjortande dagen kvilte dei seg, og dei gjorde den dagen til ein fest- og glededag.
18 Men jødane i Susa slo seg saman både den trettande og den fjortande dagen. ‘Dei‘ kvilte den femtande dagen og gjorde ‘den‘ til ein fest- og glededag.
19 Såleis har det seg at jødane utover landet, dei som bur i landsbyar, høgtidar den fjortande dagen i adar månad. Då held dei gledefest og høgtid og sender kvarandre gåver av gjestebodskosten.
20 Mordekai skreiv opp det som hadde hendt. Så sende han brev til alle jødane i alle provinsane åt kong Xerxes, både til dei som var nær, og til dei som var langt borte.
21 Han baud at dei kvart år skulle høgtida den fjortande og femtande dagen i adar månad.
22 For det var på dei dagane jødane hadde fått fred for fiendane sine, og i den månaden suta deira vende seg til glede og sorga til høgtid. Difor skulle dei gjera dei dagane til fest- og glededagar og senda gåver av gjestebodskosten til kvarandre og til dei fattige.