20 Mordekai skreiv opp det som hadde hendt. Så sende han brev til alle jødane i alle provinsane åt kong Xerxes, både til dei som var nær, og til dei som var langt borte.
21 Han baud at dei kvart år skulle høgtida den fjortande og femtande dagen i adar månad.
22 For det var på dei dagane jødane hadde fått fred for fiendane sine, og i den månaden suta deira vende seg til glede og sorga til høgtid. Difor skulle dei gjera dei dagane til fest- og glededagar og senda gåver av gjestebodskosten til kvarandre og til dei fattige.
23 Jødane gjorde det til ein fast skikk, det som dei alt hadde teke til med, og som Mordekai hadde skrive til dei om.
24 For Haman Hammedatason av Agag-ætta, fienden åt alle jødar, hadde planlagt å rydja ut jødane, og han hadde kasta «pur», det er lodd, for å drepa og øyda dei.
25 Men då dette kom kongen for øyra, baud han i eit brev at den vonde planen som Haman hadde tenkt ut mot jødane, skulle koma over hans eige hovud; så vart både han og sønene hans hengde i galgen.
26 Difor vert desse dagane kalla «purim» etter ordet «pur». I samsvar med alt det som stod i brevet, og i samsvar med det dei hadde sett og røynt,