5 Med sverd i hand gjekk jødane til strid mot uvenene sine. Dei drap og tynte og gjorde som dei ville med fiendane sine.
6 I Susa-borga drap og tynte jødane fem hundre mann.
7 Dei drap òg Parsjandata, Dalfon, Aspata,
8 Porata, Adalja, Aridata,
9 Parmasjta, Arisai, Aridai og Vaisata,
10 dei ti sønene til Haman Hammedatason, fienden åt jødane. Men eigedomane deira rørte dei ikkje.
11 Same dagen fekk kongen vita talet på dei som var drepne i Susa-borga.