3 Då kom Herrens ord ved profeten Haggai:
4 Er det tid for dykktil å bu i bordkledde husså lenge templet ligg i røys?
5 No seier Herren, Allhærs Gud:Legg merke til ¬korleis det går dykk!
6 De sår mykje, men haustar lite;de et, men vert ikkje mette;de drikk, ¬men sløkkjer ikkje torsten;de kler dykk, ¬men vert ikkje varme;og leigekaren får si løni ein botnlaus pung.
7 Så seier Herren, Allhærs Gud:Legg merke til ¬korleis det går dykk!
8 Far opp i fjellet ¬og henta tømmer!Bygg templet, ¬så vil eg ha hugnad i detog visa min herlegdom der, ¬seier Herren.
9 De ventar mykje, ¬men sjå, det vert lite.De får det i hus, ¬men eg blæs det bort.Kvifor? seier Herren, ¬Allhærs Gud.Fordi mitt tempel ligg i røys,medan de har det annsamtkvar med sitt eige hus.