6 De sår mykje, men haustar lite;de et, men vert ikkje mette;de drikk, ¬men sløkkjer ikkje torsten;de kler dykk, ¬men vert ikkje varme;og leigekaren får si løni ein botnlaus pung.
7 Så seier Herren, Allhærs Gud:Legg merke til ¬korleis det går dykk!
8 Far opp i fjellet ¬og henta tømmer!Bygg templet, ¬så vil eg ha hugnad i detog visa min herlegdom der, ¬seier Herren.
9 De ventar mykje, ¬men sjå, det vert lite.De får det i hus, ¬men eg blæs det bort.Kvifor? seier Herren, ¬Allhærs Gud.Fordi mitt tempel ligg i røys,medan de har det annsamtkvar med sitt eige hus.
10 Difor held himmelen ¬dogga att,og jorda gjev ikkje grøde.
11 Eg har kalla turkover jord og fjell,over korn og vin og olje,over alt som gror på marka,ja, over folk og feog over alt arbeid ¬som vert gjort.
12 Serubabel Sjealtielsson og Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og alle som var att av folket, høyrde på det Herren deira Gud tala, på orda åt profeten Haggai, fordi Herren deira Gud hadde sendt han. Og folket hadde age for Herren.