11 For dette er den bodskapen de har høyrt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre.
12 Vi må ikkje vera som Kain; han var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige.
13 De må ikkje undra dykk, brør, om verda hatar dykk.
14 Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, vi som elskar brørne. Den som ikkje elskar, er enno i døden.
15 Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg.
16 Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet for oss. Så er det vår skyldnad å gje livet for brørne.
17 Men den som har meir enn nok å leva av, og likevel lèt att hjarta sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?