3 Kvar den som har denne vona til han, reinsar seg, liksom Kristus er rein.
4 Den som syndar, bryt lova, for synd er lovbrot.
5 Og de veit at han openberra seg for å ta bort syndene våre, han som sjølv er utan synd.
6 Den som er i han, lever ikkje i synd. Den som syndar, har ikkje sett han og ikkje kjent han.
7 Mine born, lat ingen føra dykk vilt! Den som lever rett, han er rettferdig, liksom Kristus er rettferdig.
8 Den som syndar, er av djevelen, for djevelen har synda frå opphavet. Og det var for å gjera ende på djevelens verk at Guds Son openberra seg.
9 Den som er fødd av Gud, syndar ikkje. For det sædet Gud har lagt ned i han, er i han; han kan ikkje synda lenger, fordi han er fødd av Gud.