16 Om nokon ser bror sin gjera ei synd som ikkje fører til død, då skal han be for han, og Gud skal gje han liv – så sant han ikkje er av dei som syndar til døden. Det finst synd som fører til død, men eg talar ikkje om bøn for slik synd.
17 All urett er synd, men ikkje all synd fører til død.
18 Vi veit at den som er fødd av Gud, syndar ikkje; for han som er fødd av Gud, vernar han, og den vonde rører han ikkje.
19 Vi veit at vi er av Gud, og at heile verda ligg i det vonde.
20 Vi veit at Guds Son er komen, og han har gjeve oss skjøn, så vi kjenner Den Sanne. Og vi er i han, Den Sanne, vi som er i Son hans, Jesus Kristus. Han er den sanne Gud og det evige livet.
21 Mine born, ta dykk i vare for dei falske gudane!