3 Å elska Gud er å halda hans bod, og hans bod er ikkje tunge.
4 For alt som er født av Gud, sigrar over verda. Og det som har sigra over verda, er vår tru.
5 Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son?
6 Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga.
7 Det er tre som vitnar:
8 Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same.
9 Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son.