5 Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son?
6 Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga.
7 Det er tre som vitnar:
8 Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same.
9 Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son.
10 Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin.
11 Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans.