9 Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son.
10 Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin.
11 Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans.
12 Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.
13 Dette har eg skrive til dykk så de skal vita at de har evig liv, de som trur på namnet åt Guds Son.
14 Og denne frimodige tillit har vi til han at han høyrer oss når vi bed om noko som er etter hans vilje.
15 Og når vi veit at han høyrer oss, kva vi så bed om, då veit vi òg at vi alt har det vi har bede han om.