14 Som lydige born skal de ikkje lenger fylgja dei lystene de levde etter den tid de var uvitande.
15 Han som kalla dykk, er heilag; så skal de òg vera heilage i all dykkar ferd.
16 For det står skrive: De skal vera heilage, for eg er heilag.
17 De påkallar Gud som Far, han som ikkje gjer skil på folk, men dømer kvar og ein etter det han har gjort. Då må de òg ferdast i age for Gud den tid de er her som framande.
18 De veit at det ikkje var med forgjengelege ting, sølv eller gull, de vart frikjøpte frå det tome livet de arva frå fedrane;
19 det var med Kristi dyre blod, blodet av eit ulastande og lytelaust lam.
20 Han var etla til dette før verda vart skapt, og for dykkar skuld har han vorte openberra i dei siste tider.