18 De veit at det ikkje var med forgjengelege ting, sølv eller gull, de vart frikjøpte frå det tome livet de arva frå fedrane;
19 det var med Kristi dyre blod, blodet av eit ulastande og lytelaust lam.
20 Han var etla til dette før verda vart skapt, og for dykkar skuld har han vorte openberra i dei siste tider.
21 Ved han er de komne til tru på Gud, som reiste Kristus opp frå dei døde og gav han herlegdom. Difor er trua dykkar òg von til Gud.
22 I lydnad mot sanninga har de reinsa dykk, så de kan leva i ekte kjærleik til brørne. Difor må de elska kvarandre inderleg av hjarta!
23 For de er fødde på nytt, ikkje av forgjengeleg, men uforgjengeleg sæd, ved Guds ord som lever og varer.
24 Foralt levande er som grasog all deira herlegdom ¬som blomen på graset.Graset visnar, ¬og blomen fell av.