4 til ein uforgjengeleg og uflekka og uvisneleg arv som er gøymd i himmelen for dykk,
5 de som gjennom Guds kraft vert haldne oppe ved trua, så de skal nå den frelsa som alt ligg ferdig til å verta openberra i den siste tid.
6 Det kan de gleda dykk over, om de no ei lita stund, når så skal vera, må ha det vondt i mange slag prøvingar.
7 Såleis vert trua dykkar prøvd. For når jamvel forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua som er så mykje meir verd, prøvast, så ho kan verta til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg.
8 Og han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord;
9 for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene.
10 Denne frelsa var det profetane grunda på og granska, då dei spådde om den nåden de skulle få.