10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
11 Eg legg dykk på hjarta, mine kjære, de som no er framande og utlendingar, at de skal sky alle sanselege lyster, som strider mot sjela.
12 Lat dykkar ferd mellom heidningane vera rett og god! Og medan dei baktalar dykk og kallar dykk illgjerdsmenn, skal dei sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Gud for deira skuld den dagen han kjem.
13 For Herrens skuld skal de lyda all styremakt blant menneske, anten det er keisaren, den øvste,
14 eller landshovdingane som han har sendt; dei skal straffa dei som gjer vondt, og rosa dei som gjer godt.
15 For det er Guds vilje at de skal gjera det gode og målbinda uforstandige menneske som ikkje veit kva dei talar om.
16 De er frie; bruk berre ikkje fridomen som påskot til å gjera det som vondt er; men bruk han som Guds tenarar!