12 Lat dykkar ferd mellom heidningane vera rett og god! Og medan dei baktalar dykk og kallar dykk illgjerdsmenn, skal dei sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Gud for deira skuld den dagen han kjem.
13 For Herrens skuld skal de lyda all styremakt blant menneske, anten det er keisaren, den øvste,
14 eller landshovdingane som han har sendt; dei skal straffa dei som gjer vondt, og rosa dei som gjer godt.
15 For det er Guds vilje at de skal gjera det gode og målbinda uforstandige menneske som ikkje veit kva dei talar om.
16 De er frie; bruk berre ikkje fridomen som påskot til å gjera det som vondt er; men bruk han som Guds tenarar!
17 De skal ha vørdnad for alle, elska brorskapen, ottast Gud og æra keisaren.
18 De tenestfolk skal underordna dykk herrane dykkar og ha age for dei, ikkje berre dei gode og milde, men dei urimelege òg.