8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos.
10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
11 Eg legg dykk på hjarta, mine kjære, de som no er framande og utlendingar, at de skal sky alle sanselege lyster, som strider mot sjela.
12 Lat dykkar ferd mellom heidningane vera rett og god! Og medan dei baktalar dykk og kallar dykk illgjerdsmenn, skal dei sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Gud for deira skuld den dagen han kjem.
13 For Herrens skuld skal de lyda all styremakt blant menneske, anten det er keisaren, den øvste,
14 eller landshovdingane som han har sendt; dei skal straffa dei som gjer vondt, og rosa dei som gjer godt.