13 Og kven kan gjera dykk vondt, når de brenn for det gode?
14 Men sæle er de om de lid for rettferd skuld. Ver ikkje redde for dei og lat dykk ikkje skræma,
15 men helga Kristus til Herre i hjarto dykkar! Ver alltid budde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for den von de eig.
16 Men gjer det audmjukt og med age, så de kan ha reint samvit. Då skal dei som talar vondt om dykkar rette livsferd i Kristus, verta til skammar med skuldingane sine.
17 For det er betre å lida når ein gjer godt, om Gud så vil, enn når ein gjer vondt.
18 For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden,
19 og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap.