5 Men dei skal få gjera rekneskap for han som står ferdig til å døma levande og døde.
6 For evangeliet vart forkynt for døde òg, så dei ved Anden skulle leva, liksom Gud lever, jamvel om dei her i verda var komne under den domen som kjem over alle menneske.
7 Enden på alle ting er nær. Ver difor vislege og årvakne, så de kan be.
8 Og ha framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre, for kjærleiken løyner ei mengd med synder.
9 Ver gjestmilde mot kvarandre utan å klaga.
10 Ten kvarandre, kvar med den nådegåve han har fått, og ver gode hushaldarar over Guds mangfaldige nåde.
11 Den som talar, må sjå til at han talar som Guds ord. Og den som tener, må tena med den styrke Gud gjev. Slik skal Gud i eitt og alt få ære, ved Jesus Kristus. Han skal ha herlegdomen og makta i all æve! Amen.