7 Enden på alle ting er nær. Ver difor vislege og årvakne, så de kan be.
8 Og ha framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre, for kjærleiken løyner ei mengd med synder.
9 Ver gjestmilde mot kvarandre utan å klaga.
10 Ten kvarandre, kvar med den nådegåve han har fått, og ver gode hushaldarar over Guds mangfaldige nåde.
11 Den som talar, må sjå til at han talar som Guds ord. Og den som tener, må tena med den styrke Gud gjev. Slik skal Gud i eitt og alt få ære, ved Jesus Kristus. Han skal ha herlegdomen og makta i all æve! Amen.
12 Mine kjære! Undra dykk ikkje over den eldprøva de må igjennom, som om det hende dykk noko uhøyrt.
13 Men i same mon som de får del i Kristi lidingar, skal de gleda dykk, så de kan gleda og fagna dykk også når han openberrar seg i sin herlegdom.