9 Ver gjestmilde mot kvarandre utan å klaga.
10 Ten kvarandre, kvar med den nådegåve han har fått, og ver gode hushaldarar over Guds mangfaldige nåde.
11 Den som talar, må sjå til at han talar som Guds ord. Og den som tener, må tena med den styrke Gud gjev. Slik skal Gud i eitt og alt få ære, ved Jesus Kristus. Han skal ha herlegdomen og makta i all æve! Amen.
12 Mine kjære! Undra dykk ikkje over den eldprøva de må igjennom, som om det hende dykk noko uhøyrt.
13 Men i same mon som de får del i Kristi lidingar, skal de gleda dykk, så de kan gleda og fagna dykk også når han openberrar seg i sin herlegdom.
14 Sæle er de når dei spottar dykk for Kristi namn skuld; for Guds Ande, herlegdomens Ande, kviler over dykk.
15 Sjå berre til at ingen av dykk må lida straff fordi han er ein mordar, tjuv eller ugjerningsmann, eller fordi han har gjort urett mot andre.