3 Gjer dykk ikkje til herrar over den kyrkjelyden som de har fått ansvar for, men ver eit føredøme for hjorda.
4 Og når overhyrdingen openberrar seg, skal de få den uvisnelege ærekransen.
5 De unge skal underordna dykk dei eldste. Og alle skal de vera kledde i audmykt mot kvarandre. For Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.
6 Audmyk dykk då under Guds mektige hand, så han kan opphøgja dykk i si tid.
7 Kast all dykkar sut på han, for han har omsut for dykk.
8 Ver edrue og vak! Dykkar motstandar djevelen går omkring som ei brølande løve for å finna nokon å gløypa.
9 Stå han imot, faste i trua! For de veit at brørne dykkar rundt om i verda lyt gå gjennom dei same lidingar.