4 Og når overhyrdingen openberrar seg, skal de få den uvisnelege ærekransen.
5 De unge skal underordna dykk dei eldste. Og alle skal de vera kledde i audmykt mot kvarandre. For Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.
6 Audmyk dykk då under Guds mektige hand, så han kan opphøgja dykk i si tid.
7 Kast all dykkar sut på han, for han har omsut for dykk.
8 Ver edrue og vak! Dykkar motstandar djevelen går omkring som ei brølande løve for å finna nokon å gløypa.
9 Stå han imot, faste i trua! For de veit at brørne dykkar rundt om i verda lyt gå gjennom dei same lidingar.
10 Enno må de lida ei lita stund, men all nådes Gud, som ved Kristus har kalla dykk til sin evige herlegdom, han skal gjera dykk fullt dugande, faste, sterke og grunnfeste.