1 Paulus, Silvanus og Timoteus helsar kyrkjelyden i Tessalonika, som har sitt liv i Gud Fader og Herren Jesus Kristus. Nåde og fred vere med dykk!
2 Vi takkar alltid Gud for dykk alle når vi nemner dykk i bønene våre.
3 For vår Gud og Fars åsyn kjem vi dykk i hug og tenkjer stadig på korleis trua dykkar syner seg i gjerning, kjærleiken i arbeid, og vona til vår Herre Jesus Kristus i tolmod.
4 Vi veit då, brør, som er elska av Gud, at de er utvalde.
5 For då vi forkynte evangeliet hjå dykk, var det ikkje berre med ord, men òg med kraft, ved Den Heilage Ande og med full overtyding. De veit korleis vi ferdast mellom dykk; vi tenkte berre på dykk.
6 Og de tok oss, ja, Herren sjølv, til føredøme, og i stor trengsle tok de imot Ordet med den glede som Den Heilage Ande gjev.
7 Såleis vart de eit førebilete for alle dei truande i Makedonia og Akaia.