1 De veit sjølve, brør, at det ikkje var fåfengt at vi kom til dykk.
2 Endå vi føreåt hadde lide vondt og vorte ille medfarne i Filippi, som de kjenner til, gav vår Gud oss frimod til å tala Guds evangelium til dykk, jamvel om det var ein hard strid.
3 Forkynninga vår kjem ikkje av villfaring eller urein hug, og vi fer heller ikkje med svik.
4 Nei, Gud har funne oss verdige til å få evangeliet overlate; difor talar vi som vi gjer, ikkje for å tekkjast menneske, men Gud, han som prøver hjarto våre.
5 For vi kom ikkje med smigrande ord, som de veit, og heller ikkje med baktankar om vinning; Gud er vårt vitne.
6 Vi søkte ikkje ære av menneske, korkje av dykk eller av andre,
7 endå vi som Kristi apostlar kunne gått fram med makt og mynde. I staden var vi milde mot dykk, som når ei mor steller om borna sine.