6 Vi søkte ikkje ære av menneske, korkje av dykk eller av andre,
7 endå vi som Kristi apostlar kunne gått fram med makt og mynde. I staden var vi milde mot dykk, som når ei mor steller om borna sine.
8 Vi hadde vorte inderleg glade i dykk og ville gjerne gje dykk, ikkje berre Guds evangelium, men òg vårt eige liv. Så kjære var de for oss.
9 De minnest, brør, kva strev og møde vi hadde. Vi forkynte Guds evangelium for dykk, og samstundes arbeidde vi natt og dag så vi ikkje skulle vera nokon av dykk til tyngsle.
10 Både de og Gud kan stadfesta kor heilagt, ærleg og ulastande vi ferdast mellom dykk, de truande,
11 liksom de veit kor vi påminte kvar og ein av dykk som ein far påminner borna sine.
12 Vi sette mot i dykk og bad dykk inderleg at de skulle ferdast så som verdig er for Gud, han som kallar dykk til sitt rike og sin herlegdom.