8 Vi hadde vorte inderleg glade i dykk og ville gjerne gje dykk, ikkje berre Guds evangelium, men òg vårt eige liv. Så kjære var de for oss.
9 De minnest, brør, kva strev og møde vi hadde. Vi forkynte Guds evangelium for dykk, og samstundes arbeidde vi natt og dag så vi ikkje skulle vera nokon av dykk til tyngsle.
10 Både de og Gud kan stadfesta kor heilagt, ærleg og ulastande vi ferdast mellom dykk, de truande,
11 liksom de veit kor vi påminte kvar og ein av dykk som ein far påminner borna sine.
12 Vi sette mot i dykk og bad dykk inderleg at de skulle ferdast så som verdig er for Gud, han som kallar dykk til sitt rike og sin herlegdom.
13 Og difor takkar vi alltid Gud: Då de fekk overgjeve det Guds ord som vi forkynte, tok de imot det, ikkje som menneskeord, men som det Guds ord det i sanning er, og det verkar med kraft i dykk som trur.
14 For de, brør, har teke Guds kyrkjelydar i Judea til føredøme, dei som har sitt liv i Kristus Jesus. De har mått tola det same av dykkar landsmenn som dei har mått tola av jødane,