1 Den eldste helsar den utvalde frua og borna hennar, som eg elskar med ein sann kjærleik, ja, ikkje berre eg, men alle som har lært sanninga å kjenna.
2 Vi gjer det fordi sanninga bur i oss og vil vera med oss til evig tid.
3 Nåde, miskunn og fred frå Gud, Faderen, og frå Jesus Kristus, Faderens Son, vere med oss – i sanning og kjærleik.
4 Eg vart inderleg glad då eg såg at nokre av borna dine lever i sanninga, så som Faderen har gjeve oss påbod om.
5 Og det eg no legg deg på hjarta, frue, er ikkje eit nytt bod som eg kjem med. Det er det bodet vi har hatt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre.
6 Og dette er kjærleiken: at vi lever etter hans bod. Dette bodet har de høyrt frå fyrste stund, og det skal de halda.
7 For det har gått mange forførarar ut i verda, slike som ikkje sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod. Det er forføraren, det er Antikrist!