12 Men det eg har gjort, det vil eg òg gjera heretter. For det finst nokre som gjerne vil ha eit høve til å skryta av at dei er som eg, men det høvet skal eg ta frå dei.
13 Desse er falske apostlar, trulause arbeidarar, som gjev seg ut for å vera Kristi apostlar.
14 Og det er ikkje å undrast på; for Satan sjølv skaper seg om til ein ljosengel.
15 Og då er det ikkje merkeleg at tenarane hans skaper seg om til tenarar for rettferda. Men deira endelykt skal svara til deira gjerningar.
16 Atter seier eg: Ingen må tru at eg er frå sans og samling. Men om de gjer det, får de likevel høyra på meg som om eg hadde mist vitet, så eg òg kan rosa meg litt.
17 For det eg seier når eg no rosar meg, det seier eg ikkje som ein Herrens tenar, men i eit slag vanvit.
18 Men sidan det er så mange som gjer seg til av sine menneskelege føremoner, vil eg òg gjera det.