1 Eg hadde sett meg føre at eg ikkje ville koma til dykk og valda dykk sorg ein gong til.
2 For om eg valdar dykk sorg, då gjer eg nett dei sorgfulle som kunne gjera meg glad.
3 Og just difor var det eg skreiv. Eg ville ikkje koma og få sorg av dei som skulle gjera meg glad. Og eg har den tiltru til dykk alle at mi glede er dykkar glede.
4 I stor naud og med angst i hjarta skreiv eg til dykk, og mange tårer felte eg. Det var ikkje for å gjera dykk sorgfulle eg skreiv, men for at de skulle skjøna kor glad eg er i dykk.