13 Men eg var uroleg fordi eg ikkje fann Titus, bror min. Difor bad eg farvel med dei og fór til Makedonia.
14 Men Gud vere takk, som alltid fører oss fram på sigersferd i Kristus og ved oss spreier kunnskapen om seg som ein ange på kvar stad.
15 For vi er Kristi gode ange for Gud, mellom dei som vert frelste, og mellom dei som går fortapt;
16 for dei som går fortapt, ein ange av død til død, for dei som vert frelste, ein ange av liv til liv.Kven er vel dugande til dette?
17 Vi er i alle fall ikkje lik dei mange som forfalskar Guds ord og driv handel med det. Men med rein hug, sende av Gud og for Guds åsyn talar vi i Kristus.