12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod.
13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte.
14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus.
15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen.
16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke.
17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom.
18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.