12 Såleis er døden verksam i oss, men livet i dykk.
13 Det står skrive: Eg trudde, difor tala eg. Så trur vi òg, og vi talar fordi vi har den same Ande som gjev tru.
14 For vi veit at han som reiste opp Herren Jesus, han skal òg reisa oss opp med Jesus og føra oss fram for seg saman med dykk.
15 Men alt dette hender for dykkar skuld, så nåden skal verta stor og få takkseiinga til å stiga opp frå fleire og fleire – til Guds ære.
16 Difor misser vi ikkje motet. Om vårt ytre menneske går til grunne, så vert det indre fornya dag for dag.
17 Dei noverande trengslene er lette, og dei skaper for oss ein evig rikdom på herlegdom som er mykje, mykje større.
18 Vi har ikkje det synlege for augo, men det usynlege. For det synlege er forgjengeleg, det usynlege evig.