9 forfylgde, men ikkje oppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte.
10 Alltid ber vi Jesu død med oss i lekamen, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår lekam.
11 For enno medan vi lever, vert vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår døyelege lekam.
12 Såleis er døden verksam i oss, men livet i dykk.
13 Det står skrive: Eg trudde, difor tala eg. Så trur vi òg, og vi talar fordi vi har den same Ande som gjev tru.
14 For vi veit at han som reiste opp Herren Jesus, han skal òg reisa oss opp med Jesus og føra oss fram for seg saman med dykk.
15 Men alt dette hender for dykkar skuld, så nåden skal verta stor og få takkseiinga til å stiga opp frå fleire og fleire – til Guds ære.