1 For vi veit at om vår lekams jordiske hus vert nedrive, så har vi i himmelen ein bygning som er av Gud, eit evig hus som ikkje er gjort med hender.
2 Medan vi er her, sukkar og lengtar vi etter å verta overkledde med vår bustad frå himmelen.
3 For når vi er kledde i den, skal vi ikkje verta ståande nakne.
4 Så lenge vi er i vårt jordiske telt, sukkar vi under børa. For vi vil ikkje verta avkledde, men overkledde, så det døyelege kan verta gløypt av livet.
5 Den som har gjort oss budde til dette, er Gud, som har gjeve oss Anden til pant.
6 Difor er vi alltid frimodige, endå vi veit at så lenge vi er heime i lekamen, er vi borte frå Herren.