10 For vi skal alle fram for Kristi domstol, så kvar kan få att for det han har gjort medan han var i lekamen, anten godt eller vondt.
11 Fordi vi kjenner otten for Herren, prøver vi å vinna menneske, medan livet vårt ligg ope for Gud. Eg vonar òg at det ligg ope for dykkar samvit.
12 Vi kjem ikkje atter til dykk med lovord om oss sjølve, men vi gjev dykk høve til å rosa dykk av oss, så de kan ha noko å svara dei som skryter av det dei er i det ytre og ikkje i hjarta.
13 For har vi vore frå vitet, så var det for Gud. Og er vi med sans og samling, så er det for dykk.
14 For Kristi kjærleik tvingar oss. Vi veit at éin døydde for alle, difor har dei alle døytt.
15 Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei.
16 Så kjenner vi ikkje lenger nokon på reint menneskeleg vis. Og har vi kjent Kristus på den måten, så kjenner vi han ikkje såleis no lenger.