13 For har vi vore frå vitet, så var det for Gud. Og er vi med sans og samling, så er det for dykk.
14 For Kristi kjærleik tvingar oss. Vi veit at éin døydde for alle, difor har dei alle døytt.
15 Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei.
16 Så kjenner vi ikkje lenger nokon på reint menneskeleg vis. Og har vi kjent Kristus på den måten, så kjenner vi han ikkje såleis no lenger.
17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.
18 Men alt dette er av Gud, han som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta.
19 Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han har overgjeve oss ordet om forsoninga.