4 Så lenge vi er i vårt jordiske telt, sukkar vi under børa. For vi vil ikkje verta avkledde, men overkledde, så det døyelege kan verta gløypt av livet.
5 Den som har gjort oss budde til dette, er Gud, som har gjeve oss Anden til pant.
6 Difor er vi alltid frimodige, endå vi veit at så lenge vi er heime i lekamen, er vi borte frå Herren.
7 For vi ferdast i tru, ikkje i syn.
8 Men vi er ved godt mot og vil heller flytta bort frå lekamen og heim til Herren.
9 Difor, anten vi er heime eller borte, set vi vår ære i å vera han til hugnad.
10 For vi skal alle fram for Kristi domstol, så kvar kan få att for det han har gjort medan han var i lekamen, anten godt eller vondt.