1 Mine kjære, når vi har desse lovnadene, så lat oss reinsa oss frå all ureinskap på lekam og sjel og fullføra vår helging i age for Gud.
2 Gjev oss rom i hjarto dykkar! Ingen har vi gjort urett, ingen har vi øydelagt, ingen har vi gått for nær.
3 Eg seier ikkje dette for å døma dykk. Eg har då alt sagt at de er i hjarto våre; vi høyrer saman i liv og død.
4 Stor er mi tiltru til dykk, og storleg rosar eg meg av dykk. Eg har vorte rikeleg trøysta og er fylt av glede midt i alle trengsler.
5 Då vi kom til Makedonia, vart det heller ikkje lettare for oss. Vi møtte berre vanskar; det var strid ikring oss og angst i oss.
6 Men Gud som trøystar dei nedbøygde, gav oss nytt mot då Titus kom,